5 Eg var i trengsle og ropa til Herren,han svara og førte meg ut i ope land.
6 Herren er med meg, eg er ikkje redd.Kva kan menneske gjera meg?
7 Herren er med meg, han hjelper meg,eg kan sjå på dei som hatar meg.
8 Det er betre å søkja tilflukt hos Herrenenn å stola på menneske.
9 Det er betre å søkja tilflukt hos Herrenenn å stola på fyrstar.
10 Alle folkeslag omringa meg,i Herrens namn slo eg dei tilbake.
11 Dei var omkring meg på alle kantar,i Herrens namn slo eg dei tilbake.