1 Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein salme av David.
2 Frels meg, Herre! Dei trugne er borte.Det finst ikkje trufaste menneske meir.
3 Alle talar løgn med sin neste,dei snakkar med glatte lepper og delt hjarte.
4 Herren skal rydda ut alle glatte lepper,kvar tunge som talar store ord,
5 dei som seier: «I tunga ligg vår makt,vi har leppene med oss.Kven er herre over oss?»