2 hardt har dei plaga meg heilt frå min ungdom,men dei har ikkje vunne over meg.
3 På ryggen min har plogmenn pløgdog drege lange fòrer.
4 Men Herren er rettferdig,reipa til dei urettferdige har han hogge av.
5 Måtte alle som hatar Sion,dra seg tilbake med skam!
6 Måtte dei bli lik gras på taket,som visnar før ein får slege det.
7 Den som haustar det, får ikkje handa full,den som samlar, får ikkje fanget fylt,
8 dei som fer framom, seier ikkje: Herrens velsigning vere over dykk!Vi velsignar dykk i Herrens namn!