2 Kor lenge, Herre?Vil du gløyma meg for alltid?Kor lenge vil du gøyma andletet for meg?
3 Kor lenge skal eg ha uro i sjelaog sorg i hjartet dagen lang?Kor lenge skal fienden ha makt over meg?
4 Sjå meg! Svar meg, Herre, min Gud!Gje auga mine lysså eg ikkje sovnar inn i døden,
5 så fienden min ikkje seier:«Eg har vunne over han»,og mine motstandarar ikkje jublar når eg vaklar.
6 Men eg set mi lit til di miskunn,mitt hjarte skal jubla over di frelse.Eg vil syngja for Herren,for han har gjort godt mot meg.