8 Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad,du og paktkista, som er din styrke.
9 Prestane dine skal kle seg i rettferd,dine trugne skal ropa av fryd.
10 For David, din tenar skuld,vis ikkje frå deg den du har salva!
11 Herren har svore til Davideit påliteleg ord han ikkje går frå:«Di livsfrukt vil eg setja på trona di.
12 Dersom sønene dine held mi paktog den lov eg vil læra dei,så skal sønene deira ògalltid sitja på di trone.»
13 For Herren har valt ut Sion,henne vil han ha til bustad:
14 «Dette er min kvilestad for all tid,her vil eg bu, for henne vil eg ha.