6 Alt Herren vil, det gjer han,i himmelen og på jorda,i havet og i alle djup.
7 Han lèt skyer gå opp frå enden av jorda,han lagar lyn og regnog lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.
8 Han slo dei førstefødde i Egypt,både menneske og dyr.
9 Han sende teikn og undermot deg, Egypt,mot farao og alle hans tenarar.
10 Han slo mange folkeslagog drap mektige kongar:
11 amorittkongen Sihon,kong Og i Basan,og alle kongerike i Kanaan.
12 Han gav landet deira til eigedom,til eigedom for Israel, sitt folk.