2 Vi hengde lyreneopp i piletrea.
3 Dei som tok oss til fange, bad oss om song,dei som bortførte oss, bad om glede:«Syng ein av Sions songar for oss!»
4 Korleis kan vi syngja Herrens songarpå framand jord?
5 Gløymer eg deg, Jerusalem,så lat mi høgre hand bli gløymd!
6 Lat tunga klistra seg til ganenom eg ikkje tenkjer på deg,om eg ikkje set Jerusalemhøgare enn mi største glede!
7 Herre, hugs Jerusalems dagdå Edoms søner sa:«Riv ned! Riv ned til grunnen!»
8 Du dotter Babel som er herja,sæl er den som gjev deg attfor det du gjorde mot oss.