2 Eg bøyer meg mot ditt heilage tempel,eg prisar ditt namn for di miskunn og din truskap.Du har gjort ditt namn og ditt ordstørre enn alt.
3 Du svara meg den dagen eg ropa,du fylte meg med styrke.
4 Alle kongar på jorda skal takka deg, Herre,når dei høyrer orda frå din munn.
5 Dei skal syngja om Herrens vegar,for Herrens herlegdom er stor.
6 Høg er Herren, men han ser den lågeog kjenner den stolte på lang avstand.
7 Går eg i trengsle, held du meg i live,du retter handa ut mot mine arge fiendar,di høgre hand bergar meg.
8 Herren skal gjera vel mot meg. Herre, di miskunn varer evig.Svikt ikkje ditt verk!