2 du veit om eg sit eller står,på lang avstand kjenner du mine tankar.
3 Om eg går eller ligg, ser du det,du kjenner alle mine vegar.
4 Før eg har eit ord på tunga, Herre,kjenner du det fullt ut.
5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,du har lagt di hand på meg.
6 Det er eit under eg ikkje skjønar,det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
7 Kvar skulle eg gå frå din pust,kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?
8 Stig eg opp til himmelen, er du der,legg eg meg i dødsriket, er du der òg.