5 Bakfrå og framanfrå omgjev du meg,du har lagt di hand på meg.
6 Det er eit under eg ikkje skjønar,det er så høgt at eg ikkje kan fatta det.
7 Kvar skulle eg gå frå din pust,kvar kunne eg rømma frå ditt andlet?
8 Stig eg opp til himmelen, er du der,legg eg meg i dødsriket, er du der òg.
9 Tek eg soloppgangens vengerog slår meg ned der havet endar,
10 då fører di hand meg jamvel der,di høgre hand held meg fast.
11 Eg kan seia: «Lat mørkret løyna megog lyset omkring meg bli natt.»