9 Tek eg soloppgangens vengerog slår meg ned der havet endar,
10 då fører di hand meg jamvel der,di høgre hand held meg fast.
11 Eg kan seia: «Lat mørkret løyna megog lyset omkring meg bli natt.»
12 Men mørkret er ikkje mørkt for deg,natta er lys som dagen, mørkret er som lyset.
13 For du har skapt mine nyrer,du har vove meg i mors liv.
14 Eg takkar deg for at eg er så underfullt laga.Underfulle er dine verk, det veit eg godt.
15 Knoklane mine var ikkje skjulte for degdå eg vart laga i løynd og voven djupt i jorda.