3 Alle har vendt seg bort,alle som ein er forderva.Det finst ingen som gjer det gode,ikkje ein einaste.
4 Skjønar dei då ingen ting,alle dei som gjer urett?Dei et opp folket mitt som om dei et brød,og kallar ikkje på Herren.
5 Då skal dei råkast av redsle,for Gud er med den rettferdige slekta.
6 Knus berre planen til den hjelpelause!For Herren er hans tilflukt.
7 Måtte frelse koma til Israel frå Sion!Når Herren vender lagnaden for sitt folk,skal Jakob jubla og Israel gleda seg.