1 Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Fri meg, Herre, frå vonde menneske,vern meg mot valdsmenn,
3 dei som tenkjer ut vonde planar i hjartetog dagleg eggjar til strid.
4 Dei gjer tunga kvass som slangen,under leppene har dei ormegift. Sela
5 Vakta meg, Herre, for handa til lovlause,vern meg mot valdsmenn som vil setja krokfot.
6 Dei stolte set snarer,attmed stigen spenner dei snorer og nett,dei set feller for meg. Sela
7 Eg seier til Herren: Du er min Gud, Herre, vend øyret til mitt rop om nåde!