4 Dei gjer tunga kvass som slangen,under leppene har dei ormegift. Sela
5 Vakta meg, Herre, for handa til lovlause,vern meg mot valdsmenn som vil setja krokfot.
6 Dei stolte set snarer,attmed stigen spenner dei snorer og nett,dei set feller for meg. Sela
7 Eg seier til Herren: Du er min Gud, Herre, vend øyret til mitt rop om nåde!
8 Gud Herre, min sterke frelsar,du vernar hovudet mitt i kamp.
9 Herre, gjev ikkje dei urettferdige det dei ønskjer,lat ikkje planane deira lukkast! Sela
10 Dei som samlar seg rundt meg, lyfter hovudet.Lat uretten dei har på leppene, dyngja dei ned!