7 Eg seier til Herren: Du er min Gud, Herre, vend øyret til mitt rop om nåde!
8 Gud Herre, min sterke frelsar,du vernar hovudet mitt i kamp.
9 Herre, gjev ikkje dei urettferdige det dei ønskjer,lat ikkje planane deira lukkast! Sela
10 Dei som samlar seg rundt meg, lyfter hovudet.Lat uretten dei har på leppene, dyngja dei ned!
11 Lat gloande kol regna over dei,lat dei falla i djupe groperså dei ikkje reiser seg meir.
12 Lat ikkje vonde tunger bli verande i landet.Lat ulukke jaga valdsmannen og slå han ned.
13 Eg veit at Herren fører sak for hjelpelauseog skaper rett for fattige.