1 Ein læresalme av David, då han var i hòla. Ei bøn.
2 Eg ropar høgt til Herren.Eg bed til Herren om nåde.
3 Eg auser ut mi klageog fortel han om mi naud.
4 Når ånda mi veiknar, kjenner du min stig.På vegen der eg går, set dei snarer.
5 Vend blikket mot høgre og sjå:Ingen kjennest ved meg,eg har ikkje nokon stad å flykta,ingen bryr seg om meg.
6 Herre, eg ropar til deg.Eg seier: Du er mi tilflukt,min del i landet til dei levande.