1 Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn,vend øyret til mitt rop om nåde!Svar meg, du som er trufast og rettferdig.
2 Gå ikkje i rette med din tenar.For ingen som lever, er rettferdig for deg.
3 Fienden har jaga meg, slege meg til jorda.Han har sett meg i stummande mørker,lik dei som er døde for lenge sidan.
4 Livsånda slokna i meg,hjartet vart lamma av skrekk.