5 Eg kjem gamle dagar i hug,eg tenkjer på heile ditt verk,grundar på det dine hender har gjort.
6 Eg retter ut hendene mine til deg,lengtar etter deg lik tørstande jord. Sela
7 Skund deg og svar meg, Herre,mi ånd går til grunne.Løyn ikkje andletet for meg,elles blir eg lik dei som går i grav.
8 Lat meg høyra om di miskunn om morgonen,eg set mi lit til deg!Lær meg den vegen eg skal gå,for eg lyfter mi sjel til deg.
9 Fri meg frå mine fiendar, Herre!Hos deg søkjer eg ly.
10 Lær meg å gjera din vilje,for du er min Gud!Lat din gode Ande leia megpå jamn grunn.
11 For ditt namn skuld, Herre,hald meg i live!Du som er rettferdig,før meg ut av trengsla!