1 Av David.Velsigna er Herren, mitt berg,han som lærer opp hendene mine til stridog fingrane til krig.
2 Han er mi miskunn, mi borg og mitt vern,han er min utfriar og mitt skjold.Eg søkjer tilflukt hos han,han legg folket mitt under meg!
3 Herre, kva er vel eit menneske,sidan du vil kjenna det,eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?
4 Mennesket liknar ein pust,våre dagar er som ein flyktande skugge.