2 Han er mi miskunn, mi borg og mitt vern,han er min utfriar og mitt skjold.Eg søkjer tilflukt hos han,han legg folket mitt under meg!
3 Herre, kva er vel eit menneske,sidan du vil kjenna det,eit menneskebarn, sidan du tenkjer på det?
4 Mennesket liknar ein pust,våre dagar er som ein flyktande skugge.
5 Herre, bøy din himmel og stig ned,rør ved fjella så det ryk av dei!
6 Lat lynet blinka og sprei dei!Skyt pilene dine og skrem dei!
7 Rett ut handa frå det høge,fri meg og berg meg frå veldige vatn,frå handa til framande.
8 Med munnen talar dei tomme ord,med høgre handa opplyft sver dei falskt.