6 Lat lynet blinka og sprei dei!Skyt pilene dine og skrem dei!
7 Rett ut handa frå det høge,fri meg og berg meg frå veldige vatn,frå handa til framande.
8 Med munnen talar dei tomme ord,med høgre handa opplyft sver dei falskt.
9 Gud, eg vil syngja ein ny songog spela for deg på tistrengja harpe.
10 Du gjev kongar sigerog friar sin tenar David frå det vonde sverdet.
11 Fri meg og berg meg frå handa til framande.Med munnen talar dei tomme ord,med høgre handa opplyft sver dei falskt.
12 Alt som unge liknar sønene våre høgvaksne planter.Døtrene er som beresøyler skorne ut for eit palass.