9 Gud, eg vil syngja ein ny songog spela for deg på tistrengja harpe.
10 Du gjev kongar sigerog friar sin tenar David frå det vonde sverdet.
11 Fri meg og berg meg frå handa til framande.Med munnen talar dei tomme ord,med høgre handa opplyft sver dei falskt.
12 Alt som unge liknar sønene våre høgvaksne planter.Døtrene er som beresøyler skorne ut for eit palass.
13 Då blir forrådskammera fulle,dei bognar av alle slag mat.Sauene våre ute i markaaukar til tusen, ja, mange tusen.
14 Då blir kyrne våre feite.Ingen bryt ut, og ingen blir borte.Inga klage lyder på torga.
15 Sælt er det folket som har det slik,sælt er det folket som har Herren til Gud!