5 Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelparog set si von til Herren sin Gud.
6 Han skapte himmel og jord, havet og alt som er i dei,han er trufast til evig tid.
7 Han hjelper dei undertrykte til deira rett,han gjev mat til dei som svelt. Herren set dei bundne fri.
8 Herren gjev dei blinde syn. Herren reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei rettferdige.
9 Herren vernar innflyttarar.Han held enkjer og farlause oppe,men gjer vegen kroket for dei som gjer urett.
10 Herren er konge til evig tid,din Gud, Sion, frå slekt til slekt.Halleluja!