1 Ein miktam. Av David.Verna meg, Gud, for eg søkjer tilflukt hos deg.
2 Eg seier til Herren: «Du er min Herre,alt godt har eg i deg.»Usle er dei
3 ein held for heilage i landet.Desse veldige vil eg ikkje vita av.
4 Dei som spring etter andre gudar,vil få mange plager.Eg vil ikkje renna ut blodoffer for deiog ikkje ha deira namn på mine lepper.
5 Herre, du er min del og mitt beger.Du held min lut i dine hender.
6 Fruktbar jord vart målt opp til meg,ein herleg eigedom vart min.