4 Dei som spring etter andre gudar,vil få mange plager.Eg vil ikkje renna ut blodoffer for deiog ikkje ha deira namn på mine lepper.
5 Herre, du er min del og mitt beger.Du held min lut i dine hender.
6 Fruktbar jord vart målt opp til meg,ein herleg eigedom vart min.
7 Eg velsignar Herren, som leier meg,jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.
8 Alltid har eg Herren framfor meg.Han er ved mi høgre side,eg skal ikkje vakla.
9 Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar,jamvel kroppen kan slå seg til ro.
10 Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket,du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava.