6 Fruktbar jord vart målt opp til meg,ein herleg eigedom vart min.
7 Eg velsignar Herren, som leier meg,jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.
8 Alltid har eg Herren framfor meg.Han er ved mi høgre side,eg skal ikkje vakla.
9 Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar,jamvel kroppen kan slå seg til ro.
10 Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket,du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava.
11 Du lærer meg livsens veg,hos deg er glede i overflod,fagnad utan ende ved di høgre hand.