4 Kva menneska enn gjorde,vakta eg meg for vegen valdsmenn går,etter ditt ord.
5 Stødig gjekk eg i dine spor,føtene vakla ikkje.
6 Gud, eg ropar til deg, du som svarar.Vend øyret til meg og høyr mine ord!
7 Vis di underfulle miskunn!Du frelser dei som flyr frå fiendarog søkjer tilflukt ved di høgre hand.
8 Vakta meg som din augnestein,gøym meg i skuggen av dine venger
9 for lovlause som plyndrar meg,for dødsfiendar som kringset meg.
10 Sitt harde hjarte har dei late att,med munnen talar dei hovmodige ord.