7 Vis di underfulle miskunn!Du frelser dei som flyr frå fiendarog søkjer tilflukt ved di høgre hand.
8 Vakta meg som din augnestein,gøym meg i skuggen av dine venger
9 for lovlause som plyndrar meg,for dødsfiendar som kringset meg.
10 Sitt harde hjarte har dei late att,med munnen talar dei hovmodige ord.
11 No omringar dei oss kvar vi går,dei tenkjer å slå meg til jorda.
12 Han liknar ei rovgrisk løve,ei ungløve som ligg på lur.
13 Reis deg, Herre!Gå imot han og tving han i kne!Fri meg frå den lovlause med ditt sverd,