19 På ulukkedagen kom dei imot meg,men Herren var mi støtte.
20 Han førte meg ut i ope landog fria meg ut, for han si har glede i meg.
21 Herren gav meg att for mi rettferd,han lønte meg, for mine hender var reine.
22 Eg hadde halde meg til Herrens vegarog ikkje gjort meg skuldig i urett mot min Gud.
23 Alle hans lover hadde eg for auga,hans forskrifter støytte eg ikkje frå meg.
24 For han var eg heil i mi ferd,eg akta meg vel for å synda.
25 Herren lønte meg for mi rettferddå han såg at hendene mine var reine.