28 Du frelser eit folk i naud,men audmjukar stolte auge.
29 Herre, du tenner mi lampe,min Gud lyser opp mitt mørker.
30 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31 Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint.Han er eit skjold for alle som søkjer tilflukt hos han.
32 For kven er Gud om ikkje Herren,kven er eit berg om ikkje vår Gud,
33 den Gud som kler meg i styrkeog gjer mi ferd heil.
34 Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.