3 Herren er mitt berg og mi borg og min utfriar,min Gud er fjellet der eg søkjer tilflukt.Han er mitt skjold og mi frelse,min styrke og mitt vern.
4 Eg ropa til Herren, han som får lovsong,og eg vart frelst frå mine fiendar.
5 Dødens band snørte seg om meg,malstraumane skremde meg.
6 Dødsrikets band vart spente om meg,dødens snarer venta meg.
7 I mi naud kalla eg på Herren,eg ropa til min Gud.Han høyrde meg frå sitt tempel,mitt rop nådde hans øyre.
8 Då skalv og skaka jorda,grunnvollane under fjella riste,dei skalv fordi han var harm.
9 Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn,gneistar loga opp frå han.