32 For kven er Gud om ikkje Herren,kven er eit berg om ikkje vår Gud,
33 den Gud som kler meg i styrkeog gjer mi ferd heil.
34 Han gjev meg føter som ei hindog lèt meg stå på høgdene.
35 Han lærer opp hendene mine til krig,armane spenner bogen av bronse.
36 Du gjev meg di frelse til skjold,med di høgre hand stør du meg.Du bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 Du opnar veg for mine steg,anklane mine vaklar ikkje.
38 Eg jagar mine fiendar og tek dei att,eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.