36 Du gjev meg di frelse til skjold,med di høgre hand stør du meg.Du bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 Du opnar veg for mine steg,anklane mine vaklar ikkje.
38 Eg jagar mine fiendar og tek dei att,eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.
39 Eg knuser dei så dei ikkje kan reisa seg,men ligg falne under mine føter.
40 Du kler meg med styrke til krigenog tvingar mine motstandarar i kne.
41 Du slår mine fiendar på flukt,eg utryddar dei som hatar meg.
42 Dei ropar, men det er ingen frelsar,dei ropar til Herren, men han svarar dei ikkje.