7 I mi naud kalla eg på Herren,eg ropa til min Gud.Han høyrde meg frå sitt tempel,mitt rop nådde hans øyre.
8 Då skalv og skaka jorda,grunnvollane under fjella riste,dei skalv fordi han var harm.
9 Røyk steig opp or hans nase,øydande eld or hans munn,gneistar loga opp frå han.
10 Han bøygde himmelen og steig ned,under føtene hans var mørke skyer.
11 Han reid på kjeruben, han flaugog stupte ned på vindens venger.
12 Han gjorde mørkret til si gøymsle,eit telt av svarte, regntunge skyer.
13 Frå stråleglansen framfor han fór hagl,or skyene kom gloande kol.