1 Til korleiaren. Ein salme av David.
2 Himmelen kunngjer Guds ære,kvelven fortel om det hans hender har gjort.
3 Dagen lèt sin tale strøyma til neste dag,natt gjev sin kunnskap til natt.
4 Det er ikkje tale og ikkje ord.Stemmene kan ikkje høyrast.
5 Men dei når ut over heile jorda,orda når dit verda endar.I himmelen har han reist eit telt for sola,
6 lik ein brudgom går ho ut av sitt kammer.Ho gler seg som ein helt til å springa i sin bane.