4 Det er ikkje tale og ikkje ord.Stemmene kan ikkje høyrast.
5 Men dei når ut over heile jorda,orda når dit verda endar.I himmelen har han reist eit telt for sola,
6 lik ein brudgom går ho ut av sitt kammer.Ho gler seg som ein helt til å springa i sin bane.
7 Ho gjer sin rundgang frå himmelrand til himmelrand,ingen ting er løynd for hennar glød.
8 Herrens lov er fullkomen,ho gjer livet nytt. Herrens vitnemål står fast,det gjer den uvitande vis.
9 Herrens påbod er rette,dei gjer hjartet glad. Herrens bod er klårt,det gjev auga lys.
10 Frykta for Herren er rein,ho varer til evig tid. Herrens dommar er sanne,rettferdige er dei alle.