9 Herrens påbod er rette,dei gjer hjartet glad. Herrens bod er klårt,det gjev auga lys.
10 Frykta for Herren er rein,ho varer til evig tid. Herrens dommar er sanne,rettferdige er dei alle.
11 Dei er meir verde enn gull,skinande gull i mengd,dei er søtare enn honning,ny og rennande honning.
12 Gjennom dei får din tenar åtvaring.Det gjev stor løn å halda dei.
13 Kven kjenner sine eigne feilsteg?Frikjenn meg for dei eg ikkje veit om.
14 Spar din tenar for hovmod,lat det ikkje få meg i si makt!Då er eg heil og fri for store synder.
15 Måtte orda frå min munn og tankane i mitt hjartevera til glede for deg, Herre,min utløysar og mitt berg!