2 Kongane på jorda reiser seg,fyrstane slår seg samanmot Herren og den han har salva.
3 «Lat oss slita sund deira lenkjerog kasta reipa av oss!»
4 Han ler, han som tronar i himmelen,Herren spottar dei.
5 Så talar han til dei i sin vreide,i sin harme slår han dei med redsle:
6 «Det er eg som har innsett min kongepå Sion, mitt heilage fjell.»
7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
8 Be meg, så gjev eg deg folka som arvog heile jorda i eige.