6 Stor er hans ære, for du frelser han,høgd og herlegdom gjev du han.
7 Frå deg får han evig velsigning,du fyller han med fryd når du er nær.
8 For kongen set si lit til Herren.Han vaklar ikkje, for Den høgste er trufast.
9 Di hand skal nå alle dine fiendar,di høgre hand skal nå dei som hatar deg.
10 Du gjer dei til ein logande omn når du syner deg. Herren skal sluka dei i sin vreideog elden eta dei opp.
11 Deira frukt skal du rydda ut frå jorda,deira ætt blant menneskeborna.
12 Når dei legg vonde planar mot degog tenkjer på svik,skal dei ikkje lukkast.