13 Store oksar samlar seg om meg,stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.
14 Dei spilar opp gapet mot meglik ei løve som brøler og riv sund.
15 Eg renn bort som vatn,alle mine bein har losna.Hjartet er som voks, det smeltar inni meg.
16 Munnen er tørr som eit potteskar,tunga er klistra til ganen.Du legg meg ned i dødens støv.
17 Hundar samlar seg om meg,ein flokk av valdsmenn kringset meg.Dei gjennomborar mine hender og føter.
18 Kvart bein i kroppen kan eg telja.Dei stirer, dei ser på meg.
19 Dei deler kleda mine mellom segog kastar lodd om kappa.