16 Munnen er tørr som eit potteskar,tunga er klistra til ganen.Du legg meg ned i dødens støv.
17 Hundar samlar seg om meg,ein flokk av valdsmenn kringset meg.Dei gjennomborar mine hender og føter.
18 Kvart bein i kroppen kan eg telja.Dei stirer, dei ser på meg.
19 Dei deler kleda mine mellom segog kastar lodd om kappa.
20 Men du, Herre, ver ikkje langt borte;min styrke, skund deg og hjelp meg!
21 Berg mitt liv frå sverdet,det einaste eg har, frå hundars vald!
22 Redd meg frå løvegap!Du har berga meg frå villoksars horn.