20 Men du, Herre, ver ikkje langt borte;min styrke, skund deg og hjelp meg!
21 Berg mitt liv frå sverdet,det einaste eg har, frå hundars vald!
22 Redd meg frå løvegap!Du har berga meg frå villoksars horn.
23 Eg vil fortelja mine brør om ditt namn.Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.
24 De som fryktar Herren, lov han!Heile Jakobs ætt, gjev han ære!Ha age for han, heile Israels ætt!
25 For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus,og ikkje vendt ryggen til den som lid.Han løynde ikkje andletet,men høyrde då han ropa om hjelp.
26 I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg.Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han.