3 Min Gud, eg ropar om dagen, men du svarar ikkje,eg ropar om natta og finn ikkje ro.
4 Men du er Den heilage,som tronar over Israels lovsong.
5 Til deg sette fedrane si lit,dei leit på deg, og du fria dei ut.
6 Dei ropa til deg og vart berga,dei leit på deg og vart ikkje til skamme.
7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,spotta av menneske, forakta av folk.
8 Alle som ser meg, håner meg,vrengjer leppene og rister på hovudet:
9 «Han har gjeve seg over til Herren,lat han fria han ut og berga han,han har då glede i han!»