8 Alle som ser meg, håner meg,vrengjer leppene og rister på hovudet:
9 «Han har gjeve seg over til Herren,lat han fria han ut og berga han,han har då glede i han!»
10 Du drog meg fram frå mors liv,du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,frå mors liv er du min Gud.
12 Ver ikkje langt borte frå meg,for trengsla er nær,og det finst ingen som hjelper.
13 Store oksar samlar seg om meg,stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.
14 Dei spilar opp gapet mot meglik ei løve som brøler og riv sund.