3 «Kven kan gå opp på Herrens fjell,kven får stå på hans heilage stad?»
4 «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarte,som ikkje lengtar etter løgn og ikkje gjer falsk eid.
5 Han blir velsigna av Herrenog får rettferd frå Gud, sin frelsar.»
6 «Dette er ei slekt som spør etter han,som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» Sela
7 «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, kan koma inn!»
8 «Kven er då kongen, den herlege?»«Herren, sterk og mektig, Herren, mektig i strid.»
9 «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, kan koma inn!»