5 Han blir velsigna av Herrenog får rettferd frå Gud, sin frelsar.»
6 «Dette er ei slekt som spør etter han,som søkjer ditt andlet, Jakobs Gud.» Sela
7 «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, kan koma inn!»
8 «Kven er då kongen, den herlege?»«Herren, sterk og mektig, Herren, mektig i strid.»
9 «Lyft dykkar hovud, de portar,ja, lyft dykk, de eldgamle dører,så kongen, den herlege, kan koma inn!»
10 «Kven er han då, kongen, den herlege?»«Herren Sebaot, han er kongen, den herlege.» Sela