2 Prøv meg, Herre, gransk meg nøye,prøv hjarte og nyrer som med eld!
3 For di miskunn har eg hatt for auge,eg har ferdast i di sanning.
4 Eg set meg ikkje med løgnararog går ikkje inn til falske folk.
5 Eg hatar forsamlinga av valdsmennog sit ikkje saman med lovlause.
6 Eg vaskar mine hender i uskuld, Herre,så eg kan gå omkring ditt altar
7 medan eg lèt mi lovsongsrøyst lydaog fortel om alle dine under.
8 Herre, eg elskar din bustad,staden der din herlegdom bur.