1 Av David. Herren er mitt lys og mi frelse,kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv,kven skulle eg frykta?
2 Når valdsmenn og fiendar nærmar seg or å sluka meg,då snublar dei og fell dei sjølve.
3 Om ein hær vil slå leir mot meg,er mitt hjarte utan frykt.Om krigen trugar, endå er eg trygg.
4 Eitt bed eg Herren om,dette ønskjer eg:å få bu i Herrens husalle mine dagar,så eg kan sjå Herrens venleikog vera i hans tempel.
5 Han gøymer meg i si hyttepå den vonde dagen.Han løyner meg i sitt telt.På berget lyfter han meg opp.