3 Om ein hær vil slå leir mot meg,er mitt hjarte utan frykt.Om krigen trugar, endå er eg trygg.
4 Eitt bed eg Herren om,dette ønskjer eg:å få bu i Herrens husalle mine dagar,så eg kan sjå Herrens venleikog vera i hans tempel.
5 Han gøymer meg i si hyttepå den vonde dagen.Han løyner meg i sitt telt.På berget lyfter han meg opp.
6 No ragar mitt hovud høgt over fienden ikring meg.Med jubel vil eg bera fram offer i hans telt.Eg vil syngja og spela for Herren.
7 Høyr, Herre! Eg ropar høgt.Ver meg nådig og svar meg!
8 Eg kjem i hug at du har sagt:«De skal søkja mitt andlet.»Ditt andlet søkjer eg, Herre.
9 Løyn ikkje andletet for meg!Vis ikkje din tenar bort i vreide,du som har vore mi hjelp.Gud, min frelsar,støyt meg ikkje frå deg, forlat meg ikkje.