9 Løyn ikkje andletet for meg!Vis ikkje din tenar bort i vreide,du som har vore mi hjelp.Gud, min frelsar,støyt meg ikkje frå deg, forlat meg ikkje.
10 Om far og mor forlèt meg,vil Herren ta imot meg.
11 Herre, lær meg din vegog lei meg på jamne stigar, for eg er omgjeven av fiendar.
12 Gjev meg ikkje over til grådige fiendar!For falske vitne står opp imot meg,menn som trugar med vald.
13 Men eg er viss på at eg skal sjåkor god Herren er, her i livsens land.
14 Set di von til Herren!Ver frimodig og sterk,ja, set di von til Herren!